tirsdag 19. februar 2008

Bursdagskort


No er det vinterferie og på grunn av ei vond skulder er eg så "heldig" å ha 2 dagar fri denne veka. Karolina har besøk av sitt søskenebarn og eg og jentene har kosa oss med kortlaging i dag. Det vert skikkeleg masse rot og masse kos. Fekk laga eit kort sjølv og i alt rotet. hehe. Såg desse søte jente stempela i bloggen til Turid Mari og måtte berre kjøpe dei når eg såg dei i butikken i dag. Dei er frå Panduro.

onsdag 6. februar 2008

Morsdag

I dag har eg og karolina hatt fri frå jobb og skule. Vi har kosa oss heile dagen. Vi fekk tid til å vere på kontoret og lage kort til besta på morsdagen.