søndag 18. november 2007





Endeleg helg og tid for kortlaging igjen. I kveld har eg hatt besøk av Monica og vi har skravla og laga kort ilag. Kjempe koseleg. Her er kveldens resultat:

søndag 11. november 2007



Farsdag.

Her kjem farsdagskortet eg og Karolina har laga til pappaen i huset. Han er på jobb så derfor får han lese kortet her... så lenge... Glad i deg. Vi gledar oss til du kjem heimpå onsdag.

lørdag 10. november 2007


No er det lenge sidan eg har hatt tid til å lage noko mytt. Endeleg vart det helg og litt tid til overs. har dekorert nokre fyrstikkøskjer og laga ei øskje til ei gave og laga nokre julekort igjen. Har berre scanna eit av dei. Ikkje eit typisk jule stempel, men syntest ho var så søt.

tirsdag 6. november 2007


I dag har eg laga eit god bedring kort til tantebarnet mitt som har opperert mandlane. Det måtte selfølgeleg verte i rosa til ei prinsesse på 6 år.

søndag 4. november 2007


Fekk besøk av Monica og ungane i dag. ungane leika og vi laga kort. Det vert lite kort og mykje prating når vi treffast, men det er kjekt.

lørdag 3. november 2007



Endeleg helg og tid til kort laging. Vert ikkje mykje tid til det i veka når mannen i huset er vekke på jobb. Eg får ta det igjen når han kjem heim igjen. Vart tid til 2 nye julekort i dag.