onsdag 31. oktober 2007


I dag har eg og karolina fri frå jobb og skule og vi har vore på kontoret og "pussla" litt med hobbyen vår. det er ikkje mykje anna å finne på i dette regnet. Har fått laga eit julekort. og Karolina har fått laga seg ein blogg:)

tirsdag 30. oktober 2007

Eg Har fått denne koselege prisen frå Jorunn i Jølster. Tusen takk. Eg skal då vist sende den vidare til 10 personar. Eg er ganske ny bloggar, men det e no ein del sider eg har mykje glede av å hente inspirasjon frå å eg sender prisen vidare til nokon av desse.

Monica
Lena
Ellen
Elina
Elisabeth
Beata Ewa
Inger Marie
Olava
Monica
Lillemor

søndag 28. oktober 2007


Mitt første kort laga med bazzil bling.

No har eg endeleg fått tid til å lage eit kort til. Det har det ikkje vore tid til tidlegare i veka. Får håpe det vert meir tid framover slik at eg får laga litt fleire julekort.

søndag 21. oktober 2007







Heisann!




Her kjem dagens kort. Det er kjempe kjekt å lage jule kort. Kjøpte meg eit nytt stempel på Happy Hobby i går. Det runde julestempelte som eg har brukt på innsida.

lørdag 20. oktober 2007


Laga eit jule kort til. Vert vist mykje blått og brunt på mine julekort i år.

fredag 19. oktober 2007



Sit åleine å kosar meg kortlaging no på kvelden. Endå eit julekort, ikkje heilt rette julefargen kanskje. Papir frå My Mind´s Eye, Bazzil og stempel frå Tove Svartkjønnli. Kan bestillast hos www.Papirgleder.no Mange fine stempel.


No har eg laga eit kort med dei nye papira eg kjøpte etter kurset i går. Prøvde meg på ei skisse frå Lina.

torsdag 18. oktober 2007



Her kjem resultatet frå kveldens kort kurs. det var greit å ta eit nybegynnerkurs.


Her kjem eit kort til som eg har laga. Eg har brukt Basic grey papir og Magnolia stempel. Det er ganske likt eit julekort eg har laga tidlegare. No skal eg på kurs på www.Happyhobby.no Det skal bli kjekt. Har ikkje vore på kurs før.

søndag 14. oktober 2007

Har laga nokon julekort i dag. Dette er kjempe kjekt!!! Har prøvd å ta utgangspunkt i nokon kort skisser eg har funnet på nettet. Men det er vanskeleg.







































lørdag 13. oktober 2007







































Endeleg fekk eg tid til litt kort laging. Kjøpte meg Revolution i går så eg berre måtte prøve den litt. Har ønska meg den lenge så endeleg er den min. Jiiipppiii.

Litt vanskeleg å lime på så små ting, er litt usikker på kva som er best å bruke for å feste dei på. Eg finn vel ut av det etter kvart.
Prøvde meg litt på baksida og innsida av kortet og i dag.




















søndag 7. oktober 2007



Jammen vart det tid til å lage eit kort til i kveld.
Nokon av korta eg har laga tidlegare.
Eg har ikkje så mange tekst stempel endå. Så det er ikkje mykje tekst på mine kort.







Har laga nokon julekort også.



Mitt første kort lagt ut på nettet. Eg har brukt Magnolia stempel, papir frå basic grey og div blomster. Prøver meg litt på bakside og.



Ein skikkeleg inne dag i dag. Har besøk av Agustina frå Uruguay. Ho går på UWC i Flekke og er på besøk hos oss nokon helger i løpet av året. Det er fint å få praktisere litt engelsk og å prøve seg litt på spansk.
Har fått tid til å lage litt kort og i dag. skal prøve meg på å legge ut bilde av korta eg lagar.