tirsdag 19. februar 2008

Bursdagskort


No er det vinterferie og på grunn av ei vond skulder er eg så "heldig" å ha 2 dagar fri denne veka. Karolina har besøk av sitt søskenebarn og eg og jentene har kosa oss med kortlaging i dag. Det vert skikkeleg masse rot og masse kos. Fekk laga eit kort sjølv og i alt rotet. hehe. Såg desse søte jente stempela i bloggen til Turid Mari og måtte berre kjøpe dei når eg såg dei i butikken i dag. Dei er frå Panduro.

onsdag 6. februar 2008

Morsdag

I dag har eg og karolina hatt fri frå jobb og skule. Vi har kosa oss heile dagen. Vi fekk tid til å vere på kontoret og lage kort til besta på morsdagen.

søndag 20. januar 2008

Dåpskort


No er det lenge sidan eg har lagt ut noko på bloggen. Har nesten ikkje hatt tid til å lage kort sidan sist, så det var kjekt å få tid til det i dag. Det vart eit dåpskort i dag og eg håpar eg får litt meir tid til å lage fleire kort framover.
Har fått ein "you make my day" award frå Ellen sidan sist og den skal eg gi vidare til dei som inspirerer meg. Då vert det mange..... Kanskje eg berre skal ta å gi den vidare til dei som er innom på mi side i staden.....

søndag 18. november 2007





Endeleg helg og tid for kortlaging igjen. I kveld har eg hatt besøk av Monica og vi har skravla og laga kort ilag. Kjempe koseleg. Her er kveldens resultat:

søndag 11. november 2007



Farsdag.

Her kjem farsdagskortet eg og Karolina har laga til pappaen i huset. Han er på jobb så derfor får han lese kortet her... så lenge... Glad i deg. Vi gledar oss til du kjem heimpå onsdag.

lørdag 10. november 2007


No er det lenge sidan eg har hatt tid til å lage noko mytt. Endeleg vart det helg og litt tid til overs. har dekorert nokre fyrstikkøskjer og laga ei øskje til ei gave og laga nokre julekort igjen. Har berre scanna eit av dei. Ikkje eit typisk jule stempel, men syntest ho var så søt.

tirsdag 6. november 2007


I dag har eg laga eit god bedring kort til tantebarnet mitt som har opperert mandlane. Det måtte selfølgeleg verte i rosa til ei prinsesse på 6 år.